Viser arkivet for stikkord turrapport

Førjulsbilder frå fjellet

Soloppgang over Blåegga. Foto G.Skaar.

Nokre bilder frå Gjelsvikefjellet 18/12 og Middagsnipa 19/12. Laurdagen var det frisk vind i høgda, men elles var det to nydelege vinterdagar i fjellet.

Du kan lese om turane på bloggen min. Der ligg det no fotoseriar frå Julaftan og 2.juledag også.

Les mer…

Glitrande vinterfjell

Utsikt mot Dokka og Moldura frå Svarthamrane 759 moh 23/10

Vedlagt eit utval foto frå dobbeltur på Svarthamrane mellom Stongfjorden og Holmedal (S&FJ) i helga. Sjå fotoserie frå forrige helg her og her. Ein kan spore ei viss forandring på nokre dagar. Litt om turane finn du på turbloggen min.
Les mer…

Oslo-turtips: Ørfiske

Ute til lunch

Jeg var litt usikker på om jeg hadde lyst til å dele dette fine turstedet. Noe av det jeg liker med Ørfiske er nemlig at det ikke er så veldig folksomt – i hvert fall ikke de gangene jeg har vært der. Med kort avstand til tog og vei, er det et fint alternativ til triangelet Sognsvann-Ullevålseter-Frognerseteren.

Les mer…

Oslo-turtips: Sinober

Et lånt bilde av en huggorm

Har nettopp kommet hjem fra en flott skogstur i Lillomarka. Selv om jeg i oppveksten og de siste årene er blitt ganske godt kjent i Nordmarka, er skogen øst for Maridalen mer ukjent. med utgangspunkt i bussholdeplassen på Solemskogen fulgte vi delvis skiltene og delvis vårt eget ønske om å gå på mindre – og mindre kjente stier.
Vi var definitivt i skogen hele veien, og rundt halvveis ga høye trær, mosebunn, et rotvelt og striper av sollys en urskogsstemning som tatt fra Ringenes Herre; ingen hogst- eller plantefelt her i kommunens skog.
Dagens lille naturhøydepunkt var en 30-40 centimeter lang huggorm som nøt solen midt på stien. Av hensyn både til den og til egne nerver, tok vi en sving utenom og lot den ligge uforstyrret.

Et par-tre kilometer før Sinober, fant vi en perfekt plass til en kaffepause. Tre skritt ut til venstre fra stien fant vi et par stener og en gressflekk med utsikt over vestsiden av byen og langt utover fjorden – åpent, luftig og et herlig utsiktspunkt etter en drøy time i skogen. Et skår i gleden å finne ut at det hadde lekket rødsprit fra brenneren og ut i kaffekannen. Dermed måtte kaffen vente til vi kom frem til Sinober. med syv-åtte andre besøkende og stiene nesten for oss selv, var dette noe annet enn lørdagsrushet til Ullevålseter.

Etter en snau halvtime med til dels bratt nedoverbakke, kom vi til Snippen et kvarters tid før toget hjem. Og med en tur innom butikken før den stengte for pinsen, ble turen avsluttet med grilling ved Akerselven.

Det er ikke så verst å bo i byen heller :-)

Bilder frå flott 8.mai tur

På veg frå Fossedalen til Dalsfjorden ligg hytta Elraki. Våren kom seint i fjellet i år, men på Frigjeringsdagen blomstrar påskeliljene side om side med kvitveis

Vedlagt nokre bilder frå turen på Frigjeringsdagen lørdag 8.mai. Turen gjekk frå Førdefjorden (Rørvika) over Blegja 1304 moh, og vestover Blåegga til Eitrenipa 856 moh, med retur gjennom Fossedalen til Dalsfjorden. Totalt ca 8 timar i overskya vèr med tidvis sol.

Fleire bilder, ein liten snutt og rapport på blogg.

Frå toppen av Blegja ser vi Heilevongstaurane og Storehesten

Innover Førdefjorden mot Naustdal

Rørviknipa og ytst i Førdefjorden mot Florø

Mot Dalsfjorden frå Synste Stauren

Mot Førdefjorden, Rørvika, Kvammen, Vevring og Håsteinen midt i bildet

Solskinnsspor på Blåegga

Øvre Fossedalen med Nordre og Søndre Kringla bak

Fossedalsvatnet, Eitrenipa, Nordre og Søndre Kringla

Elva renn på blankslipte svaberg frå Fossedalsvatnet til Nedre Fossedalen

Nedre Fossedalen med det norske flagget på Frigjeringsdagen

Med båtskyss til Eikenes. Vi ser Blegja, Laukelandsfossen og Laukelandshesten i bakgrunnen.

Fossedalshengenipa 713 moh

Utsyn mot aust i går 21/4-10 frå Fossedalshengenipa. Vi ser Eitrenipa, Blegja, Storehesten, N&S Kringla og ei symbolsk “oskesky” frå Synste Stauren (Litlenipa)

Fossedalshengenipa, eller berre Hengenipa, er med sine 713 moh eitt av fleire fjell på Askvollhalvøya som er mellom 7-800 meter. Fjellet ligg sentralt i same område som mange av dei andre, lett tilgjengeleg frå fleire kantar. DNT-hytta Nipebu ligg som næraste nabo i vest. Rutene frå Dalsfjorden/Fossevikja, Rivedal, Massbu og Førdefjordsida/Markavatnet er DNT-merka til Nipebu. Desse er greie som tilkomst til oppstigninga av ryggen på Fossedalshengenipa òg. Vedlagde link viser ruter til Nipebu. Sjølve toppen på Hengenipa er lett synleg frå hytta.

Det er berre tilkomst til siste oppstigninga på Fossedalshengenipa frå aust. Fjellet ligg som ”ein grå kval” med bratte sider i nord, sør og vest. Men tilgangen til sjølve ryggen i aust er mogeleg frå sør (Fossedalen) og nord (Markavatnet). Ryggen er ganske bratt, omlag 300 meter, godt varda og består av flott og fast konglomerat. Berga er gode å gå opp når dei er tørre, men er det vått, er det ein fordel å ha godt mønster under skoa. Om vinteren er ryggen flott å renne ned på ski!

Oppe ved sjølve topp-partiet kan du anten ta rett nord om første toppen, eller ta opp kløfta/grasbakken og ned på andre sida. Då ligg dei siste hundre meterane til varden rett mot vest. Platået er ovalt forma, ganske breitt og hallar som sagt utfor på alle kantar. Det er difor umogeleg å gå feil (sjå foto av toppen).

Frå toppen er det veldig flott utsikt i alle himmelretningar. Mot nordvest ser vi mot Markahengenipa, havet, Florøkanten og ytst i Førdefjorden, mot nord ser vi Ålfotbreen. I sør ser vi deler av Fossedalsvatnet, Strand, Dalsfjorden og Heileberget. I aust ligg Eitrenipa, Blegja, Storehesten og Nordre og Søndre Kringla. I vest ligg som sagt Nipebu ved Langevatnet og mange andre fjell, ryggar og fjelltoppar.

I tillegg til at Fossedalshengenipa er eit flott og greitt fjell å gå på, kan det nemnast at i nedslagsfeltet til fjellet er det fleire gode fiskevatn med fjellkjø (ørret) av god kvalitet. Er du tolmodig og heldig er her kilofisk å få.

Fossedalshengenipa t.h og Krokavatnet.T.v. for fjellet oppe i bildet ser vi litt av Langevatnet ved Nipebu. Foto frå Eitrenipa 1/8-09

Fossedalshengenipa frå Nipebu 30/3-10

Morgon på ruta til Nipebu og Fossedalshengenipa 9/1-10. Vi ser Nordre og Søndre Kringla og Krokavatnet

Soloppgang ved Fossedalshengenipa 23/10-09. Vi ser Eitrenipa, Blegja, N&S Kringla og Laukelandshesten

Toppen på fjellet frå første toppen 30/3-10

Utsyn mot vest i går 21/4-10

Vår i Sunnfjord

Eg legg ut nokre bilder frå to flotte fjellturar søndag 21/3. Våren har gjort sitt inntog både ved fjell og fjord i Sunnfjord. Fantastisk mykje som har skjedd naturmessig berre sidan forrige søndag (sjekk bilder då)! Kanskje går vi inn i den flottaste tida på året no!? Iallefall etter den seige og kalde vinteren med alskens problem med vatn og anna…

God fornøyelse!

Tilbakesyn mot Toreheia 717 moh (i midten bak) ved Stongfjorden

Snøsporv på trekk i austleg retning

Florø og Svanøy

Utsikt ut Stongfjorden

I ei solhelling ved ein liten hammar kikka irrgrønn tyttebærlyng fram med bær… Tyttebær i mars!

Trolsk ved utløpet av Grunnevatnet i Skjerlia

Morgon ved Markavatnet

Etter morgonturen med yr og skodda klarna det heilt opp då eg kom til bygds igjen. Frå sentrum i Stongfjorden

Ein sverm med trekkande snøsporv

Kystfjell i vinterdrakt

Les mer…