Eitrenipa 856 moh

Eitrenipa frå ruta til Nipebu. Vi ser skårane opp frå nord (Førdefjordsida) og sør (Dalsfjordsida) som samlar seg i midten på fjellet like før toppen

Eg fekk spørsmål om kvar Eitrenipa og Leknesvatna er, og kor du kjem deg dit. Vel, det enklaste er jo å vise geografisk til eit kart. Men no fortel ikkje kart heile sanninga.

Det er 4 gode ruter på Eitrenipa.

Du kan gå frå Dalsfjordsida og Fossevikja til Fossedalen. Vidare langs Fossedalsvatnet til Øvre Fossedalen og så opp Eitreskaret. Midt i skaret kan du ta skåra opp på vestsida, eller gå opp heile skaret og gå den relativt slakke stigninga til toppen frå aust. Dette er ein fantastisk flott tur gjennom gamalt kulturlandskap. I Fossedalen er det òg mange flotte kulturminne.

Du går òg opp Eitreskaret dersom du kjem frå DNT-hytta Nipebu og vil på Eitrenipa. Dette er ein flott avstikkar frå den merka ruta frå Nipebu til Massbu, eller omvendt om du kjem frå aust og går mot vest.

Ei anna rute er å gå frå aust frå Blegja og ut Blåegga. Denne ruta er bra varda. Dessutan seier vegen mykje seg sjølv her oppe i det alpine landskapet, der du òg ser toppane frå aust mot vest.

Den fjerde ruta opp er frå Førdefjorden. Her er ei meir detaljert beskriving.

Du tek av eit par kilometer før Flokeneset i utkanten av tunnelen der det står skilt til Skjerli. Du køyrer så opp til Markavatnet og kan parkere der det står skilt til Nipebu (merka DNT-rute). Føl stien til austenden av vatnet, og vidare opp mot sør gjennom grinda. (Skal alltid vere leten att frå vår – haust) Ta av frå den merka stien rett før brua, og opp venstre sida av elva. (Elva har utløp frå Leknesvatna). Hald denne sida av elva heilt opp til vatnet. Omlag midtveges opp til vatnet går det ein løypestreng ved eit hammarslag ved elva som er god å halde seg i. (Då er du på rett veg) Vegen vidare opp til vatnet går over to, tre hamrar og opp til fossen. Her må du gå opp ei litt bratt skår på 4-5 meter, der det heng ein løypestreng til å halde seg i. Men den er heilt problemfri å komme seg opp.

Austover langs Leknesvatna er det greiast å ta nordsida av vatna. Det er bra sti og delvis merka med vardar. Litt småkupert, men lett å ta seg fram. Og nydeleg utsikt. Eitrenipa kneisar i søraust-enden av vatna med den karakteristiske forma si. Heile vegen austover ser du Blegja og Eitrenipa. I enden av første vatnet passerer du over brua mellom vatna for å komme deg sør om. Det er særs idyllisk her. Og du ser med fryd (?) opp på det majestetiske målet…

Tyngste biten er frå vatnet og opp. Ganske bratt og litt krevjande. Men ruta og retninga seier seg sjølv. Du ser kvar du kan gå. Men du føl den lange “grasbakken” opp sørover til du kjem opp under kanten på fjellet. Ta litt bort (sør) flata heilt under bratte fjellet. Så tek du opp skåra til venstre (aust). Deretter den lengre og ganske bratte skåra opp til høgre (sør). Høgt og midt oppe i fjellet svingar skåra ganske bratt opp til venstre igjen (aust) – og du er aldri i tvil om retninga…! Sjølve toppen er eit stort platå som hallar austover. Dei andre retningane fører bratt utfor, unnateke Eitreskaret i sør (som du først må austover for å komme ned i – eller gå ned den breie skåra som går vest/søraust frå toppen). Herifrå kan du gå til Massbu/Nipebu/Fossedalen… Det er ingen parti som er spesielt luftige.

For å rekne litt grovt på det bør du ha 3 – 4 timar frå Markavatnet til toppen av Eitrenipa. Alt etter form og deltakarar. Om vinteren bør du ha isbroddar eller stegjern i sekken då det kan vere hardt og isete i skara mot toppen…

Frå Eitrenipa har du veldig flott utsikt mot vest og Askvollhalvøya med alle fjella og havet. Mot nord ser du Høgefjellet og Ålfotbreen. I aust ligg Blegja og Storehesten. Og mot sør ser vi Dalsfjorden og deler av Dale.

Sjå elles vedlagde fotoserie frå sommarhalvåret 2009, pluss eit par vinterbilder.

Den gamle fjellgarden i den veglause Fossedalen på ruta frå Dalsfjorden

Eitrenipa t.h. frå Fossedalsvatnet på ruta frå Dalsfjorden. Sela i Øvre Fossedalen i grasbakken.

Fossen frå Leknesvatna på ruta frå Førdefjorden

Ved utløpet av Leknesvatna før fossen er det mange lagunar og avsatsar med rennande vatn. Eitrenipa kneisar i aust…

Mot vest ved siste avsatsen før fossen

Mot vest ser vi Heileberget t.v. og den grå Fossedalshengenipa. Krokavatnet framme

Eitrenipa, Nordre og Søndre Kringla frå Fossedalsvatnet

Foto frå det islagde Krokavatnet

Frå Eitrenipa er det utsikt til Blegja i aust

På kartet

Kommentarer


Nydelege bilete av ein flott tur! Tenkjer vi lyt ha den på tur programmet vårt!

Takk til Aud-T for kommentar og bra frå Bjarne på “Eitrenipa 856 moh”. Bilda er nok frå fleire turar Aud. Absolutt å anbefale same kva veg du vel!

Takk til Tone og Bjarne for bra på “Eitrenipa 856 moh”…